Kartveit Gjestetun

Kartveit Gjestetun

Velkomen til Kartveit Gjestetun i Nordhordland, 45 km nord for Bergen.
Vi kan by på eit inspirerande og barnevenleg naturmiljø, lange soldagar, og med varierte aktivitetar og attraksjonar innan rekkevidde. Tunet ligg fritt til på ei høgd med utsikt til sju Vestlandskommunar. Det er bilveg fram til døra. Nordsjø sykkelløypa går 100 m frå huset.
Huset og området ar vore del av eit klyngetun. Garden har vore i slekta i over 250 år. Etter rehabilitering av huset i 2009 er moderne og tenlege løysingar vevde saman med gamle tømmervegger. Huset har tre soverom med sengeplass til ni, og to bad. Det er basert på sjølvhushald.
Kanskje du vil ta ein fisketur i båten vår eller nyta livet i boblebadet medan maskinene tek seg av oppvask og klevask? Velkomen i alle fall!
Relaterte sykkelruter
Nordsjøruta