Relaterte turer

Rutetips

Kan fint kombineres med Rallarvegen

Fortsett med hurtigbåt fra Bergen til Sunnhordland eller Fjordkysten nord for Bergen

Eksingedalen (Voss – Bergen)

Attraksjonar og aktiviteter

Gullbrå:
garden Gullbrå ligg øvst i Eksingedalen. Garden ligg like ved innfallsporten til Stølsheimen og er eit flott utgangspunkt for fjellturar, jakt og fiske. På Gullbrå er det geitestøl der du kan kjøpe heimelaga geitost.

Nesheim naturreservat:
Våtmark med særskilt rikt fugleliv.

Kvernhus:
På Bergo er det eit restaurert kvernhus,ta ein stopp og sjå på det.

Fosselandskapet i Eksingedalen:
Du syklar langs den vakre Ekso som slynger seg nedoverdalen og passerer mange flotte fosser på vegen.

Ekso:
Ei av dei flottaste lakseelver på vestlandet.

Handhogde tuneller :
Mellom Eidsland og Stamnes opplever du eit stykke vegkunst i særklasse. Tunnelane er handhogde, store delar av vegen er mura med hand. Dette er spennande å oppleve frå sykkelsetet.

Hesjedalsfossen:
Med vel 70 meter fritt fall er Hesjedalsfossen eit imponerande syn. Her er det laga ein flott rasteplass ved fjorden.

Straume:
Eit kulturhistorisk interessant område, der det har budd folk i alle tider. Her er stavnaust. Fire naust frå 1800-talet . Nausta er grindbygde,ein gamal byggeteknikk.Dei opne veggane utan kledning er særmerkte for dei indre fjordstroka.

Dale of Norway:
I over 120 år har Dale of Norway produsert strikkevarer. I dag er fabrikken den største og kanskje den mest kjende strikkevarefabrikken i Noreg. Dale of Norway leverar gensarar over heile verda, og er offisiell utstyrsleverandør til det norske landslaget. Ope mandag -laurdag heile året.

Daleelva:
Dette er ei av dei beste lakseelvene i fylket. Fiskekort, Shellstasjonen på Dalegarden. Fiskesesong juli-september.

OSTERØY

Bruvik vognfabrikk:
Den einaste fabrikken av sitt slag i Noreg. Her restaurerar og byggjer dei vogner etter gamle tradisjoner. Fabrikken har ope kvardager 9-15.

Havråtunet:
Eit av dei best bevarte fellestuna på vestlandet. Gamle byggjeskikkar og tradisjonelle driftsmåtar vert halde i hevd. Tunet er i privat eige, og berre lov å besøka i opningstidene. ring. 56393440

Den gamle vossebanen:
Kvar sundag frå juni til september køyrer eit dampdreve veterantog på den gamle vossebana ,dei 18 kilo-meterane mellom Garnes og Midttun. Toget har damplokomotiv frå 1930 og gamle teakvogner.