Relaterte turer

Rutetips

Kan fint kombineres med Rallarvegen

Fortsett med hurtigbåt fra Bergen til Sunnhordland eller Fjordkysten nord for Bergen

Eksingedalen (Voss – Bergen)

Rutebeskrivelse med kart

Sykkeltur gjennom idylliske Eksingedalen

Start: Voss (Hordaland) / Bergen (Hordaland)
Mål: Bergen (Hordaland) / Voss (Hordaland)
Lengde: 118 km
Høgdeskilnad Voss-Bergen,gjennom Eksingedalen: 700 m

Strekning

Sykkelruta mellom Evanger og Bergen går på lite trafikkerte vegar. Du syklar i eit vakkert og interesant natur og kulturlandskap.Den nasjonale sykkelvegen nr.4 gjennom Eksingedalen er ei oppleving. Du syklar frå Voss til Evanger (eller aller helst tek lokaltoget på grunn av stor trafikk!) og tek av til Teigdalen Det er bratt stigning opp Nesheimsfjellet (transport kan tingast frå Mestad Camping).Ned Eksingedalen er det lett for både vaksne og born,langs Eidsfjorden er det fleire små tunellar utan lys. Asfaltert veg. Unngå E16 frå Voss til Dale,og frå Stanghelle til Bergen. Det går tog fra Stanghelle til Bergen.

Eit alternativ til sykkelvegen gjennom Eksingedalen er vegen over Hamlagrø. Bulken- Hamlagrø- Dale. Ein flott tur i eit variert fjellandskap.

Denne turen kan også kombinerast med Rallarvegen.

Familievennleg


Vis Eksingedalen i et større kart
Sykkelruta frå Voss til Bergen (tog fra Stanghelle-Bergen) er familevennleg. Dersom ein har små born tilrår me å få transport opp på Nesheimsfjellet. Du syklar langs elvar, fossar og fjordar. Naturen er nær på. Turen er oppleving for både barn og vaksne. Du kan rasta eller overnatta fiska og bada.

Sykkelruta frå Bulken-Hamlagrø-Dale er og barnevenleg.

Osterøy kan vere meir trafikkert.

Skilting

Desse rutene er skilta

“På to hjul mellom Voss og Bergen” gjennom Eksingedalen:

Skilta med offisielle sykkelskilt frå Evanger til Stanghelle

rute nr.4.

Bulken-Hamlagrø-Dale:

Skilta med blå gang og sykkelskilt.

Indre Arna-Garnes- Osterøybrua:

Skilta med blå gang og sykkelskilt.

Osterfjord

Midt mellom Voss og Bergen finn du Osterfjord-eit område prega av kontrastar mellom dei høge fjella og fjorden. Det er kommunane Vaksdal,Osterøy,Modalen som utgjer Osterfjord.Området byr på ei reise i historisk landskap. Sykkelen er utmerka for å oppleve området. Du kan slå deg til ro i vakre Eksingedalen og kombinera sykkel med vandring i vakre og dramatiske Stølsheimen. Vil du sykla er det anleggsvegar inn i fjellområdet, for dei som vil ha ekte naturoppleving og utfordringar.

Skal du sykla mellom Voss og Bergen, har du store naturopplevingar i vente – høge fjell, djupe dalar og tronge fjordar. Du syklar i eit spanade og variert natur og kulturlandskap. Naturen er nær og fiskelukka ligg rett ved vegen om du vil fiska i fjord, vatn eller elv.

Du kan velge fleire ruter på veien til Bergen:

(NB! På strekningen Stanghelle-Bergen og Bergen-Stanghelle må man grunnet tunneler benytte tog! Se www.nsb.no for rutetider og nærmere informasjon)

På sykkel i Teigdalen og Eksingedalen, nasjonal sykkelveg nr.4 i vestlandets vakraste dalføre

Frå Voss syklar du langs Vangsvatnet til Bulken, til tettstaden Evanger,der tek du av mot Eksingedalen. Turen går gjennom Teigdalen og opp Nesheimfjellet 720 m.o.h. Her får du ei fantastisk utsikt. Ned Eksingedalen slyngjer fosselandskapet i Eksingedalen nedover, til dalen møter fjorden. I Eksingedalen er det fleire overnattingstader med sjel,som Godmorstova nyrestauret hus frå 1870,eller Dalastova pensjonat der du kan leige kano.Haugen gard som ligg ein liten avstikkar frå vegen med overnatting i triveleg gardsmiljø. Fiske og turetilboda er mange.Turen er flott for barnefamilier. Frå sykkelsetet har du ei fyrsteklasses oppleving av fjordlandskap og gamal vegkunst frå Eidsland mot Dale. Du passerar Hesjedalsfossen med 70 meter fritt fall. Her er det ein fin rasteplass. Du kan sykle til industristaden Dale og vidare til Stanghelle for så å ta toget til Bergen. NB! Grunnet tunneler må man ta toget fra Stanghelle til Bergen.

Den gamle hovudvegen mellom Voss og Dale.

Turen går frå Voss langs Vangsvatnet til Bulken. På Bulken følgjer du skiltinga til Hamlagrø. Vel oppe på fjellet ligg gardane på rekkje og rad nedover Bergsdalen,og på Lid kan du oppleve ekte gardsovernatting. Demninga ved Storefossen markerer starten på nedstiginga til dalen.Sykkelruta er merka med blå skilter.

Fjordsykling på Osterøy.

Ein anna måte å nå Osterfjordområdet er å ta toget frå Bergen til Arna. Du kan sykle til Garnes via Osterfjordbrua. På Osterøy kan du ta sykkelen langs stabbesteinsvegar til fjordbygdene eller innover øya til eit vakkert kulturlandskap og fjellområde. Osterøy har mange kulturskattar verd eit besøk, til dømes Havråtunet, Ole Bull huset, Hamre kyrkje.

Modalen, den vesle komunen med den store naturen.

Mo i Modalen er eit fint område med utgangspunkt for å sykla i dalen, og du kan sykla hovudvegen til Steinsland, innfallsporten til Stølsheimen.Dette er ein fin tur for barnefamiliar. På Mo er det flott sandstrand og kafe/overnatting.

Hugs å proviantera før du legg ut på dagsetappar, mat kan og tingast frå Syklist velkomen bedriftene. Det ikkje mange serveringstader på desse strekningane. Butikkane har korte opningstider.

Frå Rallarvegen til Eksingedalen


Bike route 407891 - powered by Bikemap