Sunnhordland

Attraksjoner og andre aktiviteter

Fjord og fjellturen – Rosendal

Baroniet Rosendal, Skandinavia sitt minste slott, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på vestlandet. Slottet er mellom anna kjend for den storslåtte renesanssehagen. Tlf. 53 48 29 99. Ope 18. mai – 29. juni : 11.00 – 15.00. Omvising kvar heile time. 30. juni – 12. august: 10.00 – 17.00. Omvising kvar halve time. 13. august – 3. september : 11.00 – 15.00. Omvising kvar heile time.

Folgefonna Nasjonalpark: Sommaren 2005 vart den 25. nasjonalparken i Noreg opna. Nasjonalparken dekker eit område på 600 km. I Rosendal er det skipa eit eige nasjonalparksenter som informerar om nasjonalparken. Senteret ligg som ein del av turistinformasjonen på kaia i Rosendal.

Kvinnherad Kyrkje: Ei av dei eldste middelalderkyrkjene i landet. Omvisning. kontakt Baroniet Rosendal.

Steinparken Rosendal: Her er steinblokker bearbeid og samstilt på ein unik måte som syner det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya. “Vangssago” eit kulturelt teknisk minnesmerke, ligg og i Steinparken.

Skaalurensamlinga: Museum som syner den verksemda som Skaaluren Skibsbyggeri dreiv i perioden 1855-1955.

Kunstverkstaden Guddalstunet: Utstillingar og sal. Ligg på kaien i Rosendal.

Omvikdalen:

Bakkastova, Dimmelsvik: Ligg på garden Tvedt i Dimmelsvik. Røykstove etter familien Skilbeck.

Tvedt-stova, Dimmelsvik: Forfattaren Jens Tvedt sin heim. I Sunnhordland Folkemuseum sitt eige.

Nistovetunet, Dimmelsvik: Sunnhordlandstun med røykstove frå 1700- talet samanbygd med glastove. Her er det også stabbur og eldhus. I Sunnhordland Folkemuseum sitt eige.

Skånevik :

Galleri Jespersen: Utstillingar med maleri, skulptur, og grafikk av Knut Jespersen. Galleriet ligg 500 m austover frå fergjekaien.

Gjestgjevargården: Restaurert trehus frå 1785. Kafè og eit lite bygdemuseum.

Norsk Motormuseum: Dokumentarmuseum for norsk småbåtmotorproduksjon.

Sunde/Husnes:

Jonas Lie, minnestøtte ved kulturhuset på Husnes.

Onarheim Gård : Korpssjefsgard frå 1790. “Praktisk husmorskule” på 1800 talet. Barndomsheimen til diktaren Jonas Lie. Eigar av garden er i dag Sør-Norge Aluminium AS.

Uskedalen:

Bygdetunet Rød, Uskedalen : Bygdetunet Rød består av stovehus, stabbur, stall, smie og kvernhus frå 1700 talet. Saman med Dønhaugsamlinga inneheld bygdetunet meir enn 450 gjenstandar. Dagleg omvising om sommaren, elles etter avtale.

Revolverkanon brukt i trefningar mellom tyske og norske styrkar i Uskedalen under den andre verdskrig. Utstilt ved båthamna.

Skjærgårdsturen – Bømlo

Moster Amfi: Nord-Europas vakraste friluftsscene og utandørs teater. Inne i Moster Amfi ligg utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, ei tanke-vekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing. I amfikafeen serverar me bl. anna viking-sodd og nysteikte vafler. Tlf. 53 42 66 20 post@mosteramfi.no

Moster gamle kyrkje: Snorre fortel at i år 995 gjorde Olav Trygvason strandhogg på Moster, etter ferda over Nordsjøen frå England, for å bli konge i Noreg. Her feira han messe og grunnla ei kyrkje, og her held Olav den heilage og biskopen hans Mostratinget i 1024.

Stord/Fitjar:

Sunnhordlandstunet – Leirvik; Hovudtunet til Sunnhordland Museum ligg på Stord, få minuttars spasertur frå Leirvik sentrum. Der er det samla 11 gamle bygningar. Tlf 53 41 38 99.

Gruvemuseet – Litlabø: Gruva var i drift frå 1865 til 1968, og hadde på det meste inntil 400 tilsette. Det er historiske utstillingar i smia, miljøutstillingar i ein arbeidarbustad og større installasjonar i Heishuset. Tlf 53 41 38 99.

Stord Maritime Museum: Utstillingane syner den tekniske og maritime industrisoga for Sunnhordland. Tlf 53 41 38 99.

Stord kyrkje: Steinkyrkja ved Frugarden var nemnd allereie i 1350-åra. I 1857 vart Stord kyrkje bygd på tuftene av den eldre steinkyrkja. Kyrkja vart restaurert i 1957.

Fengselet: Fengselet på Stord vart bygd i 1864 og var i drift om lag hundre år. Bygget er no restaurert og vert nytta til restaurant og vinkjellar. Adr.: Jens Hystadvegen 14, 5417 Stord. Tlf. 53 41 77 60.

Galleri Giga: Kunstgalleri med separatutstillingar av sentrale norske kunstnarar. Ny utstilling kvar månad. Meir informasjon kontakt tlf 53 41 10 23 / 930 01 873 post@gallerigiga.no Adr. Osen 4, 5411 Stord.

Storddøra: Ytst på Moloen i innseglinga til Leirvik står skulpturen Storddøra av kunstnaren Sissel Tolaas, reist med god støtte frå det lokale næringslivet. Skulpturen er ein 16 m høg konstruksjon i rustfritt stål og med 20 innebygde propellar som roterer i vinden og blenkjer i sola. Rundt skulpturen er det opparbeidd parkområde, Onarheimsparken. Frå sentrum er det ein fin spasertur ut til Storddøra.

Fitjar kyrkje: Kyrkja ligg vakkert til attmed Håkonarparken, midt i Fitjar sentrum. Fram til 1866 stod her ei steinkyrkje frå 1100 talet. Stein frå den gamle Fitjarkyrkja finn ein att i steingarden rundt kyrkjegarden. Litt av inventaret er óg teke vare på. Omvising etter avtale med kyrkjeverge Harald Johan Sandvik på tlf 53 45 85 24 / 900 52 059

Håkonarparken: Håkon den gode fall på Fitjar i slaget mot Eiriksønene i år 961. Håkonarparken med statue av Håkon den Gode ligg midt i Fitjar sentrum. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen.

Rydlandssago: Ei vassdriven sirkelsag som ligg der rv 545 kryssar Tinnselvo, på grensa mellom kommunane Stord og Fitjar. Saga blei bygd i 1916 og var i drift fram til rundt 1990. Restaurert i 1996.

Austevoll:

Hufthamartunet – Hufthamar: Gamalt gardstun som ligg ved ferjekaia på Hufthamar. Den eldste stova er frå 1600-talet. Bygdetunet er ope for omvisning etter avtale på tlf 55 08 10 00.

Nothengjo – Bekkjarvik: Gammal nothengje og barkeri i Bekkjarvik. Den største i sitt slag som er teke vare på her på kysten.

ANDRE AKTIVITETER

Fjord- og fjellturen – Rosendal

Hesteskyss Rosendal: Kvinnherad hesteskysslag tilbyr hestetransport på gamle vegar til Baroniet Rosendal.

Rosendal putballpark: Putball er ein kombinasjon av fotball og golf. Ein morosam aktivitet for heile familien. Banen har ni hol og ligg i Rosendal sentrum. Tlf: 53 48 12 68

Sjøfly-helikoptersightseeing: Fonnafly driv med taxiflyging og sightseeingturar. Mellom anna turar over landet sin tredje største isbre, Folgefonna. Tlf. 53 48 03 22/ 917 13 399.

Breturar på Folgefonna: Folgefonni Breførarlag tilbyr daglege turar på breen. Blåisvandring i Juklavassbreen. Pris 490,- inkluderar sko og naudsynt breutstyr. Sundalsvegen – ein historisk turistveg over Folgefonna mellom Sundal og Odda. Pris 300,- inkluderar alt naudsynt breutstyr.

Skånevik:

Milja Gård: Den eldste gården i Skånevik, den største i kommunen og en av de mest omfangsrike i regionen. Tilbyr gardsbesøk, husdyr, riding, selskap i hovudhuset, transport til Miljesæter, servering mm. Garden ligg sentralt, rett ved hotellet. Kontakt fjordhotellet, tlf. 53 77 07 00.

Knuten Sjøaktiviteter: Båt og kajakkutleige. Arrangerte kajakkturar med guide. Tlf: 958 71 416/ 53 75 55 06

Skånevik Naturoppleving: Villmarksleir, lavvo, badestamp, aktivietar. Tlf. 412 52 847.

Valen:

Sunnhordland Ritell: Leiger ut hestar, men er og ein fin stad til å få kontakt med andre dyr. Her finn ein villsvin, høner, esel, kaniner og meir til.

Handelandsdalen : Ligg i mellom Valen og Sandvoll. Vakker dal som er mykje nytta til turar for heile familien. Idyllisk veg langs den stillerennande elva. Godt eigna for barnevogn/rullestol.

Sunde/Husnes:

Kvinnherad golfklubb: Golfbane med 9 hull opna 1.juli 2002. Grønne, innbydande fairways og greenar gjer vakre kontrastar til landskapet rundt. Golfbana er plassert ytst i Hardangerfjorden, berre 300 meter frå Husnes Båthavn. Tlf: 53480379 onsd.-fred. Mobil: 92643379

Skjærgårdsturen – Bømlo

Bømlo kulturhus: Kulturhuset ligg på Bremnes midt i sentrum og er ein hyggjeleg møtestad med varierte former for kulturelle opplevingar som f.eks kino og teater. Tlf. 53 42 35 00.

Fjelltur til Siggjo: Fjelltur til eit fantastisk utsiktspunkt, og til eit spanande geologisk område. Fjellsti på 1,8 km – ein del bratte parti. Turen tek om lag 2 timar. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjonen. Parkering v/ rv 547.

Fottur til Brandasundsåto: Stien startar ved den gode og lune hamna i Brandasund. Svak stigning på stien, siste del har trappetrinn opp til toppen. Turen tek om lag 1 1/2 time. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjon.

Kulturløypa i Mosterhamn: Bli med på ei vandring gjennom kulturløypa i Mosterhamn. Asfaltert veg, litt ulendt sti opp til og ned frå Vetahaugen. Turen tek om lag 1 time. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjon.

Stord/Fitjar:

Hystadmarkjo naturreservat: To kilometer lang merka løype frå Storhaug i sør til Sævarhagsvikjo i nord. Hystadmarkjo er det største området med svartorskog i Nord- Europa. Det finst 16 gravrøyser i området, og ein godt restaurert kolerakyrkjegard. Undervegs vil ein møta mange skilt med opplysningar om fuglar, planter og fornfunn.

Fottur Stordø Kisgruver: Ein interessant fottur gjennom det gamle gruveområdet til Stordø Kisgruver på Litlabø. Turen tek om lag 2 timar og går på grusveg og sti. Bilvandringskart er å få i Kundetorget.

Fjelltur – Kattnakken: Ein spenstig fottur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringplass til toppen: 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek om lag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget.

Stord golfbane, Prestegarden, Hagatre: Ni hols golfbane par 70, lengde- 4468 meter. Overbygd drivingrange. Servering, klubbhus, pro-shop. Banen ligg på Stord Preste-gard, Hagatre. Innkøyring frå Romme-tveitvegen. Kontakt tlf 53 41 54 51.

Stord Putballpark: Putball er ein kombinasjon av fotball og golf. Kontakt golfbutikken for utlevering av ballar og scorekort. Elles ring 906 93 303.

Stord Kulturhus: Her er bibliotek, to kinosalar, turistinformasjon, konsertarena og kunsthall, symjebasseng, vassklie og stupetårn. Sommarope. Informasjon på tlf. 53 49 69 50, www.stord.kulturhus.no

Smedholmen K/N og seglfartøyet Seladon: Seglturar med Seladon, 60 fot. For bedrifter, private grupper og skuleklassar. Opplev ein eventyrleg seglas i vakker natur frå dei ytste øyar til fjordar, brear og fjell. www.smedholmen.com smedholmen@haugnett.no Tlf 908 948 57 / 900 483 11.

Kulturvandring – Fitjar: Turen går innom Håkonarparken, Kongsbrønnen, Rimsvarden kulturminner i Fitjar sentrum. Asfaltert bygdeveg/litt sti. Turen tek om lag 1 time. Kart (bilvandringskart) kan kjøpast hjå turistinformasjonen og overnattingsstader.

Turstiar: Fitjar har ein fjellheim som er lett tilgjengeleg. Ein får kjøpa turkart på turistinformasjonen. Ein flott tur til fjells er den nye vegen til Svartavatnet.

Austevoll:

Nordsjøløyper: Nordsjøløypa på Storekalsøy er ein kultursti i praktfullt kulturlandskap ut mot Skansen, eit naturleg amfi ut mot storhavet og Marsteinen.

Nordsjøløyper på Selbjørn:Austevegen er ein vandringssti på austsida av Selbjørn, med utgangspunkt i Bekkjarvik. Vestvegen er ein vandringssti frå Stolmabrua til Gauksheim.

Nordsjøløype på Stolmen: Løypa følgjer gamlevegen frå Kvalvåg til Våge. Her er avstikkarar til “Såta” som er det høgaste punktet på Stolmen. Kontakt turistinformasjonen for kart over løypene tlf 55 08 18 10/55 08 10 00.

Utleige av fiskestenger: Egersund Rabben avd. Bekkjarvik, tlf: 55 08 85 10

Riding: Austevoll Ridesenter, tlf: 99 79 27 62

Padling: Havstril padleklubb, tlf: 98 87 42 53

Øyhopping: Du kan nytta lokalbåten M/S Tedno til øyhopping i den flotte- austevollsnaturen. Avgong fleire gongar for dagen mellom Bekkjarvik, Lundøy, Litlakalsøy, Møkster, Sandtorv og Hufthamar. Rutetider www.tide.no

Bekkjarvik Galleri: Galleri med utstilling av ein rekke kreative kunstnere. Tlf. 55 08 42 40/932 45 075.