Sunnhordland

Fine lokale ruter

Stord

Hystadmarkjo og Fjellgardane (19,6 km)


Bike route 509225 - powered by Bikemap 

Landåsen (4,5 km)


Bike route 518752 - powered by Bikemap 

Fitjar

Fitjar – Vestbøstad (4,9 km)

Ein lettsykla, kort tur med gang- og sykkelveg langs delar av ruta. Start i Fitjar sentrum og følg Vestbøstadvegen langs sjøen. Etter 2,4 km kjem du til eit kryss. Du tek til venstre i krysset og kjem inn på ein smal landeveg. Når du har sykla 1,3 km til kjem du ut på ein ny landeveg. Her tek du til venstre og følgjer denne vegen forbi Rimbareid barne- og ungdomsskule og ned skyssbrekka tilbake til sentrum. Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige i Fitjar sentrum.

Tid: ca. 20 min
Maks. høgde: 66 m
Underlag: Asfalt


Bike route 459310 - powered by Bikemap 

Kråko Sjøhytteområde (13,3 km)


Bike route 510548 - powered by Bikemap 

Storavatnet rundt (15,8 km)

Ein fin tur rundt det største vatnet på Fitjar, Storavatnet. Turen startar i Fitjar sentrum, der du blant anna finn Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige. Følg RV 545 forbi Fitjar kyrkje og vidare sørover. Etter ca 2 km kjem du til eit plantefelt. Her kan du velje å parkere sykkelen og følgje turstien til Rimbareid på venstre side. Skilt med kart ved starten av turen. Turkart kan kjøpast på turistinformasjonen.

Når du har sykla ca 1 km vidare på RV 545 kjem du til eine kanten av Storavatnet. Her endar og ”gamlevegen” frå Fitjar, som er eit alternativ til hovudvegen dersom du ynskjer ein mindre trafikkert trase opp til Vik. Vegen byrjar til høgre for Fitjar kyrkje (skyssbrekka).

Vidare følgjer du gang- og sykkelvegen mot Tveita. Etter nye 2 km kan du ta av til venstre på ein grusbelagt parkeringsplass. Derfrå går det ein tursti som er mykje brukt av lokalbefolkninga. Turen delar seg i to: ein veg går sørover til Sørlivatnet og Klysgard, medan den andre går nordover til Botnavatnet og Kidno.

Følg vegen vidare forbi Årbøelva til krysset ved nærbutikken Joker. Her er det bord og benkar, og passar fint til ein pause om lag halvvegs på turen. Ta så av RV 545 og inn til høgre mot Koløyholmen. Du syklar 1 km på ein smal landeveg og tek deretter av til høgre mot Fitjar i krysset ved Øvrebygda Bedehus. Etter 4 km kan du ta til høgre ved ein liten parkeringsplass. Her ligg Breiavikjo, ein offentleg badeplass som er ein del av Storavatnet. Det er langgrunt vatn, bord og benkar og toalett.

Vidare syklar du 1 km til du kjem til eit kryss. Her tek du av til venstre og inn på Vestbøstadvegen. Vegen til høgre tek deg inn på ”gamlevegen” og vidare ned til Fitjar/Vik. Følg Vestbøstadvegen langs sjøen til du kjem tilbake til Fitjar sentrum.


Bike route 458180 - powered by Bikemap 

Svartavatnet (12,3 km)

Ruta startar i Fitjar sentrum, der du blant anna finn Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige. Føl RV 545 sørover forbi Fitjar kyrkje før du etter 1 km tek av til venstre på ein smal landeveg. Denne vegen følgjer du opp til ein parkeringsplass med bom. Der startar grusvegen opp til Svartavatnet. Det er bratt stigning i byrjinga, men flatar meir ut etter kvart. Etter 1,7 km frå parkeringsplassen kjem du til det første vatnet, Olskjødno. Neste vatn heiter Kidnavatnet og ligg 0,8 km vidare. Like etter ser du Midtvatnet, og knappe 1 km til er du oppe ved Svartavatnet, som er eit av drikkevatna til Fitjar. Det er bord og benkar langs heile grusvegen.

Lengde: Frå sentrum: 6,1 km. Frå parkeringsplassen: 3,7 km
Tid: ca. 30-60 min
Maks. høgde: 387 m.
Underlag: 2,4 km asfalt, 3,7 km grusveg


Bike route 529974 - powered by Bikemap 

Sveio

Sveio Golfrunden (22,2 km)


Bike route 512277 - powered by Bikemap 

Kystrundturen (49,2 km)


Bike route 512284 - powered by Bikemap 

Sveio Kvalvåg Kalland (36,5 km)


Bike route 575363 - powered by Bikemap 

Rundtur til Ryvarden (25,3 km)


Bike route 512287 - powered by Bikemap 

Sveio Ålfjordruta (32,7 km)


Bike route 517193 - powered by Bikemap